Mest vald mot fattige kvinner
Kvinner som ikkje er økonomisk sjølvstendige, er også meir utsette for vald og mishandling. 29 prosent av kvinnene som bur i krisesenter er arbeidslause eller avhengige av økonomisk sosialhjelp. Det går fram av ein rapport til FN om status for likestillinga i Noreg, som er laga i eit samarbeid mellom Likestillingssenteret og kvinneorganisasjonar. Rapporten er ein del av førebuinga til den internasjonale oppsummeringa som skal gjerast ti år etter FNs kvinnekonferanse i Beijing i 1995. Den offisielle rapporten om status i Noreg til Beijing + 10 er laga av Barne- og familiedepartementet (BFD).
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent