Det er ikkje mykje som tyder på at arbeidsgivarane og dei streikande heismontørane skal bli einige med det første. Men den økonomiske støtten til streiken aukar no i omfang for kvar dag. Fleire hundre tusen kroner har komme inn, først frå klubbar og foreiningar i EL & IT Forbundet, men i aukande omfang også frå fagorganiserte i andre forbund, i og utanfor LO. 50.000 kroner frå Elektroarbeiderforeningen i Bergen og 50.000 kroner frå OFS er summar som monnar. Men ei rekkje løyvingar på 10.000, 11.000 og 20.000 gjer også monn. Mykje er eingongssummar, med eit varsel om at det kan bli meir. Andre har løyva fleire tusen kroner per månad «så lenge streiken varer». Utdanningsforbundet Oslo, NTL forening 2, Grafisk-klubben i Bergens Tidende er blant dei som har vore raskt ute med løyvingar.