Mot sosialistisk kakepynt
Det er av ein eller annan grunn ikkje så mange industriarbeidarar som får festskrift på 60-årsdagen. Nesten ingen, kanskje. Men vi har jo Brigt Kristensen ved Bodø Sildoljefabrikk. Nede på kaia, der han har lempa og lossa og spylt i 28 år. Eit uvanleg, men ikkje umogleg, utfall av lengre studium ved universiteta i Oslo og Bergen. Oslo har Erling Folkvord. Bergen har Torstein Dahle. Bodø har Brigt Kristensen. I kommunestyret sidan 1987. Men også i sentralstyret til SUF og sentralkomiteen til AKP (m-l) før den tid. I «Festskrift til Brigt Kristensen på 60-årsdagen» skriv redaktør Jostein Greibrokk: «De mange i Bodø som helst forbinder Brigt med utrettelig arbeid i Bodø bystyre og utenomparlamentariske aksjoner enten det er Fredsbevegelsen eller Nordlandsopprøret, møter i boka en Brigt som gjennom sitt lange politiske virke har preget (og vel også har blitt preget av) mange av de sentrale debattene på den politiske venstresida her til lands i en mannsalder». I dag fyller han 60. Han sa fyrst nei til festskrift. Likar ikkje festivitas for eigen person. Sånn er vel sosialistar. Men Brigt Kristensen held koken. Og tråden, tilbake til 1960-talet.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn