Legevakt-sjefar juksa
Ved Legevakten i Oslo er det pøst ut millionar av skattekroner i urettmessige overtidsbetalingar og turnustillegg. Ein rapport frå Kommunerevisjonen avslører at legar som ikkje har krav på overtidstillegg har fått 200 prosent for dei aller fleste av timane sine, og 100 prosent tillegg for resten. Rapporten viser eit eksempel der ein lege som etter boka skulle fått 70.000 kroner i lønn i realiteten har motteke 184.000 kroner. Også sjukepleiarar og sjåførar har fått alt for mange eller høge overtidstillegg. Den nest øvste leiaren ved Legevakten har nytt godt av lønnsjukset. Kommunerevisjonen skriv at «sykepleier FF» får eit månadleg tillegg som berre skal finst for tilsette i skiftturnus, sjølv om FF ikkje jobbar skift (sjå faktaboks). Klassekampen er kjent med at denne personen er sjefsjukepleiaren ved Legevakten, som inngår i leiinga for etaten. Per november hadde sjefsjukepleiaren motteke 24.277 kroner i slike tillegg i 2004. I tillegg har vedkommande ved mange høve fått utbetalt for høge overtidssatsar.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn