Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Strauss, demokratiet og nasjonalismen.

I «Homo Politicus», Klassekampen 14. desember, hadde Espen Hammer ein utmerka kommentar om Bush og nykonservatismen. Hammers kommentar går også inn på nykonservatismens røter i «Chicago-skulen» og Leo Strauss, og tek for seg viktige sider av Strauss/Blooms tenkjing: Elitismen, autoritarismen og skiljet mellom den esoteriske kunnskapen for eliten og dei naudsynte løgnene for massekonsum. På eit par punkt kan det likevel vera grunn til å diskutera Hammers framstilling. Han skriv at Strauss «neppe kan sies å ha vært antidemokrat». Her spørs det naturlegvis kva ein legg i omgrepet «demokrat», men tenkjinga til Strauss står heilt opplagt ikkje innanfor ein liberal, demokratisk tradisjon. Eg er naturlegvis samd i at ein ikkje blir mykje klokare av å klistra merkelappen «antidemokrat» på Strauss: Strauss er interessant, og djupt prega av røynslene frå Weimar-republikkens samanbrot. Det er desse røynslene som gjer at han avviser den liberale, demokratiske tradisjonen. Men som Shadia B. Drury får nokså tydeleg fram i boka «Leo Strauss and the American Right», går mange av dei antidemokratiske tendensane i den nykonservative rørsla tilbake til Strauss. Hammer skriv også at Strauss «ville neppe ha likt verken dens (Bush-administrasjonens) nasjonalisme eller dens utenrikspolitikk.» Det trur eg er ein litt forhasta konklusjon. For det første var Strauss sjølv nasjonalist – jødisk nasjonalist. Dette er berande idear i artiklane «Why We Remain Jews» og «The State of Israel» (trykt i Strauss: «Jewish Philosophy and the crisis of Modernity»). For det andre kan eg heller ikkje sjå at Bush-administrasjonens doktrine med «eksport av demokrati» i Midtausten står veldig langt unna Strauss sine idear om elitistisk demokrati, sikra gjennom autoritære garantiar. At årsaken til konfliktane mellom Israel og grannane har opphavet sitt i alt anna enn staten Israel si rolle som eksklusiv, etnisk stat trur eg også er noko Strauss utan vidare ville ha skrive under på. At Strauss er interessant og opplysande er ikkje noko hindring for at han i rolla som «skulebyggjar» har løfta fram folk som td. Paul Wolfowitz. Tvert om er det kanskje «skulebyggjaren» Strauss som er mest problematisk, avdi heile perspektivet med «eksoteriske» løgner for massane og «esoteriske» sanningar for eliten kortsluttar det opne ordskiftet som demokratiet til sjuande og sist byggjer på. Nett her det er grunn til å stilla spørsmål ved kor forplikta Strauss og dei som har følgt han har vore andsynes demokratiet. Alstahaug

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen