Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Drukningsdød i media

Fredag 10. desember klokka 0900, Plenumssalen i regjeringsbygget: Det er like før Per Kristian Foss og Dagfinn Høybråten tar plass på podiet. Meldinga om reform av folketrygda – ofte kalla «den viktigaste bærebjelken i velferdsstaten» ? er endeleg klar. Samtidig, i redaksjonen til Adressa.no: Journalist John Sund spikkar på ei vinkling av VG-saka om det er slutt mellom Celina Midelfart og Ole Robert Reitan. Han vinklar på rekka av rikingar, frå Donald Trump til Kjell Inge Røkke til Petter Stordalen og no Reitan. Tittel: «Milliardsprekken». Dagen etter, i Dagbladet: «Hotellkongen Petter Stordalen reagerer på oppslagene om Celina». Den famøse milliardsprekken blir omtalt i fire fargar og får markant større nyhendedekking enn pensjonsmeldinga. Sjølv om kritikken frå Stordalen hadde rulla og gått på Dagbladet.no sidan før klokka 14 dagen før. Pensjonssaka er ikkje ein gong utstyrt med foto. Klassekampen har fire sider om folketrygda. Det er ikkje for å unnskylda Dagbladet, men pressekonferansen til Foss og Høybråten var lagt til fredag morgon klokka ni, same dag som Sirkus Nobels fredspris med Oprah Winfrey og Tom Cruise kom til byen og dagen etter julebordet til Presselosjen på Stortinget. Pensjonskampen låg langt nede i bunken til Dagsrevyen også, fredag kveld. Den store pensjonsreforma er visst ikkje så veldig stor sak.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen