Finst det brukbare alternativ til den kulturelitære kritikken av tv, underhaldning, reklame og populærkultur som skjendig, lavkultur og ukultur, kritikken som renn ut av ein strebande utdanningsmiddelklasse som fyrst og fremst treng å forsikra seg sjølv om at ja, vi er betre enn, meir verdige enn og meir verdifulle enn dei andre? Har vi alternativ til den sjølvtilfreds uvitande elitismen til den urbaniserte og ideologisk ultrakonforme kvasieliten av universitetsutdanna klatremus og -menn, dei som påstår at «samtidskunst er det mest sexy som finnes over hele verden – bortsett fra i Oslo», brukbare alternativ til den estetiserande kulturkritikken til det sosiale og politiske sjiktet som i kraft av sin elitisme og folkeforakt er Guds gave til folk som George W. Bush og Carl Ivar Hagen? Alternativ til den høgborne kritikken som slår ut med armane, ristar på hovudet og spør befolkninga: «Hvor dumme går det an å bli? Hvordan går det an å like Big Brother? Er det mulig å si ja til Idol? Og nei til EU?». Den kulturkritikken som tenkjer «jævla idioter» ? finst det brukbare alternativ til den? Det hadde vore ein fordel. Tenkte eg etter dokumentaren om Rupert Murdochs tv-kanal Fox News, som gjekk på NRK søndag kveld. Kommersiell tv representerer den største kulturendringa som har skjedd med Europa dei siste 50 åra. Vi er vande med tv-reklamen no. Samtidig som vi irriterer oss meir og meir. Å sjå film på TV 3 er eit sjansespel med blodtrykket. Det helvetes «Filmen presenteres av –» midt i filmen. Helvetes fire minutt med idiotisk ventezapping. Helvetes TV 3! «Men annonsørane betaler jo for sendinga, då», er tanken som kan roa nervane litt. Er det på tide å diskutera kommersiell tv? Eller er det uproblematisk det som har skjedd i Italia, med Silvio Berlusconi, mediemogulen som kontrollerte heile den private tv-marknaden og brukte den til å blir statsminister og dermed ta kontroll over det statlege RAI også? Er det uproblematisk at milliardæren Murdochs tv-kanal spyr løgnpropaganda ut over sjåarane i ein slik grad at Fox-sjåarane er langt meir feilinformerte om verda enn andre amerikanarar? Mange av dei trur enno at USA fann masseøydeleggingsvåpen i Irak. Venstresida har hatt ein lei tendens til å ta over den aristokratiske kritikken av «det borgarlege», den som ser ned på forretning og kommers som vulgært og simpelt. Men problemet med privatstyrt reklame-tv er ikkje estetisk. Det er politisk. Problemet er ein konsentrasjon av makt over samfunnsmessig kommunikasjon og ideologiproduksjon som openbert ikkje er sameinleg med demokrati.