Nedover og nedover
Noreg gjer det endå dårlegare enn sist i OECDs store kunnskapsprøve, Pisa. I 2001 kom vi på 17. plass i matematikk og 13. plass i naturfag. No er vi på 22. plass i matematikk og 28. plass i naturfag. Utviklinga er ikkje overraskande. La gå at vi har særs dårlege lærarar i realfag, la gå at vi legg mykje meir vekt på omsorg enn på kunnskap, la gå at vi insisterer på at alle skal gå i normalskulen. Alt dette spelar med, og alt dette kan vi gjere noko med. Likevel: Og det er ikkje til å underslå, vi har eit endå større problem. Det er rikdomen vår. I Pisa-granskinga vert vi slått av land som relativt sett har ei lågare nasjonalinntekt enn kva vi brukar på skulesektoren åleine, Latvia, Polen, Russland – Norske born, norske foreldre og norske politikarar har det godt. Og har ein det godt, er ein óg tilfreds. Det er det jamne slitet som gjer ein elev dyktig. Og skal ein elev yte det jamne slitet, må han eller ho verte utsett for ytre press. Frå foreldre, frå lærarar og frå storsamfunnet, eit ytre press som til slutt manifesterer seg som eit indre press hjå eleven. Jenta, guten og omgjevnadene må med andre ord kjenne at noko står på spel. Står så noko på spel? Eg vil seie ja. Utan at dei komande arbeidarane har ein god kunnskapsbasis frå skuletida, vil velstanden og den jamne inntektsfordelinga vår vere truga. Den rikdomen så mange av oss opplever i dag, er eit mellom anna eit resultat av at den norske skulen var god. Også dei som i dag går på skulen og deira foreldre nyt fruktene av tidlegare tiders skule. Og då er vi framme ved den manglande forståinga for skulekrisa. Kven vil planleggje for framtida når dagen i dag er god? Det er det same gamle: Det er særs vanskeleg å få ei kriseforståing når vi ikkje opplever krisa på kroppen. Krisa i norsk skule handlar i liten grad – om i det heile teke – om dårleg inneklima, for få timar, for få lærarar. Krisa handlar om at vi ikkje kjenner at vi er i ei krise. I går vart Jens Stoltenberg intervjua på Dagsnytt radio klokka 8 om morgonen, fleire timar før Kristin Clemet hadde halde pressekonferansen der resultata vart presentert i full breidde. Jens Stoltenberg sa at dei elendige resultata var den noverande regjeringas ansvar og feil. Han kravde auka økonomiske ressursar til skulen. Dette sa Stoltenberg trass i at den noverande skulen i all hovudsak er eit resultat av Arbeidarpartiets mangeårige skulepolitikk. Før vi kan kritisere feila hjå andre, bør vi fyrst vedgå våre eigne. Kva om Stoltenberg sa at dette er ei nasjonal krise – og no må vi i fellesskap sjå på kva som kan gjerast. Og at han la til: Ja, vi er velståande, nei, det handlar ikkje om ressursmangel i skulen, det handlar om at vi altfor lenge ikkje har vore villige til å presse borna våre til å yte den innsatsen som trengs. Men det er vel ikkje så mange røyster å vinne på slikt. Dessutan høyrest det ut som høgrepolitikk – gjer det ikkje det? Nei, det gjer ikkje det. Det høyrest ut som det ein vellukka velferdsstat er tufta på: Det harde arbeidet. Spørsmålet er i grunnen enkelt: Kor lenge skal vi vere tilfredse med å vere rike og dumme?
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn