Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Gjev jernet

– Ein kvar som studerer den britiske erfaringa med privat drift i jernbanesektoren, vil tenkja seg om to gonger før dei utsett sin jernbane for same lagnaden, seier generalsekretær Bob Crow i RMT, det største fagforbundet i transportsektoren i Storbritannia, til Klassekampen. Eit tiår med privatiseringar av jernbanedrifta har ført til ulukker, auka kostnader og enorme profittar til dei private aktørane. I dag er over 70 prosent av britane tilhengjarar av at jernbanen blir offentleg igjen, opplyser Crow. Stortinget vil gjenta det britiske eksperimentet. I mindre skala, fordi sjølve skinnegangen ikkje blir privatisert. Men vedlikehaldet av jernbanen skal over i private hender. Jernbaneverket skal nesten utraderast, ved å fjerna rundt 1000 tilsette innan 2010. Skiljet mellom den som eig og har ansvaret for tryggleiken på jernbanen og dei som står for vedlikehaldet har kome under massiv kritikk i Storbritannia. Så massiv at alt vedlikehald no er ført tilbake til Network Rail, det offentleg kontrollerte non profit-selskapet som har ansvaret for jernbanelinene.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen