Øystein Rottem døydde ikkje brått og uventa. Utgangen var sikker og hadde vore kjent ei stund, ikkje berre for dei næraste, men for mange i det litterære Norge. Vi visste at legane hadde gitt opp, og at han ikkje gjekk til behandling for å bli frisk, men for å halde livsmotet oppe. Like fullt hadde han eit slags fåfengt håp om at det skulle skje ei overraskande vending, at sjukdommen skulle stanse opp, eller i det minste at han skulle få ein forlenga frist! Mest var han oppteken av at han skulle møte døden på ein verdig måte og leva som eit oppreist menneske den tida som var igjen. Eg ser han, slik eg såg han siste gong: På litteraturkonferanse i Rimini, Italia, ein av dei siste dagane i august. Dørene til altanen stod opne, kvelden var varm. Ein høg, mager og solbrun mann takka den norske vertinna for konferansen, på eit velmodulert trøndersk riksmål, med undertonar både frå den forblåsne kysten der han voks opp og frå kongens København. Varme og omtanke kan vel mang ein festtalar formidle, men vi fekk meir: Klassisk danning, uforlikneleg genererøsitet, språkleg eleganse, og den fryd over livet som er lutra av stor sorg. Alle visste vi at dødsdommen var inappellabel, men vi ropte ja og lyfte glaset da han skålte og sa på gjensyn neste år. Øystein Rottem var den mest framståande litteraturkritikaren i norsk samtid, dei siste femten åra som hovudkritikar i Dagbladet. Han var også i fremste rekke som litteraturhistorikar og litteraturforskar. Han var spesialist på kulturradikalismen, skreiv biografi om Sigurd Hoel og fleire bøker om Knut Hamsuns liv og verk. Av størst verdi er truleg den litteraturhistoria han skreiv. Litteraturhistoria vil overleva det meste som sidan er skrive på feltet, og burde snarast koma ut på nytt. Hundrevis og tusenvis av artiklar har han etterlate seg, i aviser, tidsskrift og bøker. I ei årrekke underviste han i litteratur ved universiteta i Tromsø, København og Wien. Men for det store publikum døydde han som den fremste kritikaren i Norge. Han sette ein standard og vil etterlata seg eit stort tomrom. Ingen annan kritikar var så høgt respektert som han. Kvifor var det slik? Etter mitt syn var det fordi han hadde så solid feste i tradisjonen. Alt han las, såg han i lys av det beste av det han hadde lese før. Samtidig hadde han smak for det nye, utan å la seg imponere av fakter og geberdar. Han ville ha substans, ikkje berre konsept. Derfor fekk han også uvenner. Men dei fleste seriøse forfattarar var samde om ein ting. Å få ein reservert kritikk av Rottem var betre enn å få skamros av dei fleste andre.