Stans verdidebatten!
Det går ein verdidebatt over landet utafor Verdikommisjonen og tar form av eit universelt forsvar for dei liberale verdiane. Det er heilt naturleg ettersom det i liberaliteten sin ekstreme tidsalder ikkje lenger er muleg å føre krig utan å rettferdiggjere dette med å vise til menneskerettar, fridomskamp og marknadsøkonomi – verdiar frigjorte frå særinteresser: Imperialismen i sitt humanitære stadium. I dette hegemoniet er historia avslutta, utan andre alternativ. Det går sjølvsagt an å ta til motmæle, men det er ikkje sikkert at den som gjer det, verkeleg trur på sin eigen protest. Det som då står att, er berre ein og annan avgrensa krig som må utkjempast mot illiberale krefter før det heile kan falle til ro og globaliseringa kan bli fullbrakt.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn