Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Kor ny er nyfattigdommen?

I samband med eit større forskingsprosjekt om fattigdommens psykologi, dvs. oppleving av «moderne» fattigdom, og snarleg bokutgjeving, har følgjande spørsmål meldt seg: Kva kjenneteiknar den «nye» fattigdommen samanlikna med den gamle? Eg skal her peike på nokre utvalde skilnader i den konteksten som omgjev den «gamle» fattigdommen og den konteksten som «nyfattige» lever under. For det første er den materielle levestandarden radikalt heva. Alle grupper i det norske samfunnet har nytt godt av ein generell økonomisk elevatoreffekt, sjølv om heisane har stoppa ved ulike etasjar. For det andre levde respondentane i min studie i ein velferdsstat med ei rekke ulike velferdsordningar og universelle rettar. Det er framleis eit sosialt tryggjingsnett i Noreg – sjølv om maskevidda kan vere grov og garnet ikkje alltid er like sterkt. For det tredje tilbyr det norske samfunnet mange høve for den som kan (kompetanse), og vil (motivasjon), ? utdanningsmessig og i jobbsamanheng. Arbeidsløysa er likevel høg samanlikna med det som har vore vanleg i etterkrigstida. Den sosiale mobiliteten er betydeleg. Dette er likevel eit tviegga sverd for dei fattige. Kvalifikasjonskrava på arbeidsmarknaden var i tidlegare tider i stor grad fysisk styrke, førleik og uthald. På dagens arbeidsmarknad tel kognitive evner, personlegdom og psykososial kompetanse langt meir. Men slike forhold er mindre synlege. Kompetansesvikt av psykososial natur gjev ikkje nødvendigvis trygderettar og kan lett bli forveksla med til dømes latskap eller moralsk brist. For det fjerde er det norske samfunnet eit individualistisk konkurransesamfunn i større grad enn i tidlegare tider. Nokon må bli taparar, og taparane kjenner seg ofte åleine. Nederlag vert lett internattribuert – det vil seie fortolka som uttrykk for individuell svikt. Arbeidarklassen sin kollektivistiske rettferdsideologi og krav om solidaritet er blitt sterkt svekt dei siste tiåra, men er likevel ikkje heilt borte. Det at vi i dag til dels lever i det som kanskje kan kallast eit meritokrati kan gjere den psykologiske smerta og opplevinga av hjelpeløyse verre enn i tidlegare tider. Sosiologen Michael Young åtvara mot ei slik utvikling i ei bok som vart utgjeve så tidleg som i 1958. For det femte: I dagens samfunn er pengar blitt det universelle byttemiddelet, og fattige – i alle fall i bysamfunn – har mindre høve til å livberge seg ved naturalhushaldning og ved hjelp av bytteøkonomi. Fattige er blitt meir sårbare i så måte. Eit sjette moment som kan trekkast inn er sekulariseringa av samfunnet. I tidlegare tider hadde fattigdommen i stor grad ei religiøs meining – for fattige og ikkje-fattige. I mitt utval var det ingen som trekte inn religion som eit relevant moment i samband med opplevinga av eigen fattigdom. Eit sjuande moment er at identiteten til menneske i Noreg i vår tid truleg er meir knytt til kva vi har og kva vi forbruker enn i tidlegare tider. Ætta, bygda og klassen er ikkje lenger så sentralt for identiteten vår som før. Identiteten vår er i stor grad blitt knytt til forbruk og forbrukarrolle. Her kjem fattige sørgjeleg til kort. For det åttande lever vi i eit mediesamfunn. Særleg via tv får vi tilgang til andre menneske og miljø – og helst velståande individ og miljø. Den fattige i bygde-Noreg i tidlegare tider samanlikna seg gjerne med naboen, storbonden, presten eller ein lokal fabrikkeigar «oppover», og kanskje med ein lutfattig husmann «nedover». Den fattige får i dag eit breitt spekter av potensielle samanlikningsobjekt presentert i tv, i aviser og den kulørte pressa, og kontrastane til eige liv kan vere markerte og såre. Som eit niande moment kan nemnast reklamen, som var ukjent for fattige i tidlegare tider. Dei kunne nok få lystene sine pirra ved eit besøk i prestegarden eller hos storbonden, eller av synet inn butikkvindauget, men vart ikkje dagleg ovarausa av reklame som både kan pirre lysta og mindreverdskjensla. For det tiande lever vi i ein globalisert tidsalder der nasjonalstaten betyr stadig mindre. Men nasjonalstaten har historisk vore ramma om velferdspolitikken. Denne utviklinga betyr at det demokratiske underskotet vert stadig meir uttalt. Vona om å vinne fram med kollektive velferdskrav får difor skrinne kår. Når fattige, og andre, heile tida vert minna om omsynet til konkurransekraft og kor høge velferdsutgiftene i Noreg er, samanlikna med andre land, stimulerer heller ikkje dette til von om snarleg betring. Det er neoliberalismen sine vindar som også bles over Noreg, og dette gjev eit dårleg ideologisk klima for utbetring av velferdsordningane. Det er ikkje lett for fattigfolk å stå saman over landegrensene, men fattige sin kamp for betre kår i andre land kan gje von. På grunnlag av gjennomgang av historisk faglitteratur om fattigdom i Noreg, skjønnlitteratur som skildrar fattigdom og fattige, språk og språkbruk (mellom anna ordtak og munnhell) og ein djupneorientert intervjustudie av langtidsmottakarar av økonomisk sosialhjelp i ein bydel i Bergen, vil eg varsamt prøve meg på ein konklusjon. Den «gamle» og «nye» fattigdommen i Noreg er ekstremt ulike i sine ytre manifestasjonar, men er på mange måtar nokså like som grunnleggande fenomen og med omsyn til kjenslemessige opplevingar. No som før er det nokon som får monaleg mindre enn folk flest når det gjeld materielle gode, og som difor lyt leve eit meir armodsleg liv enn det som elles er vanleg. No som i gamletida medfører dette utryggleik, ufridom og vanære i eigne og andre sine augo, og aggressive, depressive og engstelege kjensler melder seg, og ofte også skam- og skuldkjensle. Det er kanskje ikkje tilfeldig at same ordet (fattig) har blitt nytta om dette fenomenet i over tusen år. Den menneskelege prisen er høg, no som i tidlegare tider, men den såkalla nyfattigdommen i Noreg rører helst ved manglande tilfredsstilling av grunnleggjande psykososiale behov. Kan hende er den «nye» fattigdommen meir vond og smertefull frå ein psykologisk synsvinkel enn fattigdom i tidlegare tider var.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen