Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Hugsviv om Fløgstad-pamfletten

I «Klassekampen» 25. november har Nikolai Brandal eit innlegg mot Kjartan Fløgstad og pamfletten hans «Brennbart». Eg tolkar han slik: Brandal legg til grunn den veletablerte distinksjonen mellom etnisk nasjonalisme og statsborgarleg nasjonalisme («civic nationalism»). Berre den førstnemnde varianten er reaksjonær og antidemokratisk. Men Brandal hevdar at begge variantane har ovra seg i målrørsla. Slik forstått, har han rett. Minst ein såkalla målhovding har bore fram etnisk nasjonalisme. Brandal har truleg også rett i at etnisk nasjonalisme har vore å finne i fleire norske motkulturar enn målrørsla. Dette utgjer likevel ikkje noko argument som er relevant i høve til Fløgstad-pamfletten. Sameleis er det med ideen om at nynorsken gir immunitet mot vondskapen. Brandal har rett i at ein slik ide er idiotisk. Men denne konstateringa av det sjølvsagde har ingen relevans. Fløgstad skriv ikkje om det som sviv i hugen hos Brandal. Pamfletten dreiar seg om målrørsla, riksmålsforbundet og NS under den tyske okkupasjonen, inkludert spørsmålet om organisatorisk versus individuelt samarbeid, og om korleis framstillinga av desse tilhøva har vore i seinare tid. Her er det greie empiriske spørsmål som Fløgstad gir greie empiriske svar på. Dei er lette å forhalde seg argumentativt til, om nokon ønskjer det. Dessutan har han gode observasjonar og interessante hypotesar om den merkelege aggresjonen i landet vårt mot den nynorskspråklege delen av norsk kultur. Vondskapen sitt vesen kan eg ikkje sjå at Fløgstad prøver å uttale seg om. Han avgrensar emnet sitt, og det gjer han rett i. Det er neppe Fløgstad som – med Brandals ord – «rotar saman både det eine og det andre, laust som fast, av ting han ikkje likar i ein einaste stor graut». Brandal vil lykkast betre med å finne ein som gjer det, dersom han les sin eigen tekst eit par gonger.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen