– Fabrikkerte bevis
Spiondommen mot Arne Treholt i 1985 bygde på fabrikkerte bevis. Politiet laga falske og tilbakedaterte ransakingsrapportar for å prova at Treholt hadde fått store dollar-summar frå sovjetisk etteretning. Dette påstår advokat Arne Haugestad i boka «Kappefall – Et varslet justismord», som vart lansert i går. Haugestad var forsvarar for Treholt då straffeutmålinga var oppe til anke i Høgstrerett etter domfellinga i Eidsivating lagmannsrett i 1985. Sentralt i Haugestad si framstilling er det såkalla pengebeviset, som skriv seg frå ei hemmeleg ransaking av heimen til Treholt 22. august 1983, eit halvt år før han vart gripen av politiet på Fornebu i januar 1984. Dommen mot han legg til grunn at det var 30.000 dollar i veska til Treholt. Pengane skulle ha to kjelder: Den sovjetiske etterretningsmannen Titov og den irakiske etterretningsmannen Mohammed. Treholt vedgjekk tidleg å ha motteke 20.000 dollar frå irakaren. For involveringa med Mohammed vart det aldri reist tiltale for spionasje. Det var i høgda snakk om «misbruk av offentleg stilling», med strafferamme på bøter eller seks månader fengsel. Påstanden om at Treholt var storspion, som førte til strengaste straff etter norsk lov, var derfor avhengig av at det også fanst pengar frå Sovjet i veska. Det er på dette punktet Haugestad meiner politiet har fabrikkert falske bevis og forklaringar.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent