Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Er målstriden over?

For over hundre år sidan karakteriserte Bjørnstjerne Bjørnson nynorsk som «almueaktigt og tuslet», utan stand til å overleve µDampens, Telegrafens, Telefonens og Dynamitens Tidsalder». Dette resonnementet har vorte gjenteke ofte i løpet av dei hundre åra, dei siste åra særleg av Finn-Erik Vinje, medan nynorsken framleis er godt i live. No er det altså Trond Berg Eriksen som i Klassekampen 18. november fastslår at målstriden er over, riksmålssaka har vunne. «Det har med urbanisering, massemedia og reklamen å gjøre», seier Eriksen. Det er kanskje keisamt med tal, men lat meg minne om at det finst faktisk over 600.000 nynorskbrukarar i landet, 115 nynorskkommunar, fire nynorskfylke, ei rad nynorske lokalaviser, nynorsk i regionaviser, nynorske dataprogram, nynorsk litteratur etc. Det har aldri vore produsert så mykje nynorsk som i dag. Globalt er nynorsk ikkje noko lite språk, og det er ingenting som tyder på at nynorsken vil døy ut, såframt ein då ikkje planlegg eit språkpolitisk massemord av brukarane. Rett nok står nynorsken altfor svakt i reklame og media. Samstundes har debatten om yrkesforbod mot nynorsk i VG og Dagbladet vorte intensivert dei siste åra, og eg trur at det er eit tidsspørsmål før vi ser ei endring her. Dagsavisen har i så måte vist veg. Trond Berg Eriksen viser, til liks med Hans-Fredrik Dahl, lita innsikt og lita interesse i kva målstriden har hatt å seie kulturpolitisk for landet. Gunnar Skirbekk fekk gitt gode merknader i så måte i Klassekampen 19. november Men vel så interessant er den målstriden som går føre seg i dag. Sidemålsstriden er eitt døme, men ikkje det einaste. Dei som orienterer seg utanfor Oslo, vil finne målstriden gjennom strid om kommunemål, skulemål, helsemål, og gjennom strid om rettar til nynorskbrukarar i skule, organisasjonar og bedrifter. Målstriden representerer i så måte ein kulturpolitisk konflikt som går igjen i mange ulike samanhengar, og som mange faktisk kjenner på kroppen. Sjølv ser eg på målstriden som eit gode; den er på det beste med på å skape refleksjon og medvit ikkje berre over kva språk ein vil bruke, men òg over kva samfunn og kultur som representerer det gode. Derfor vert òg kampen om historia viktig – kva tradisjonar og kulturforståing er det dei ulike fløyane i målstriden faktisk byggjer på? I så måte går den tendensiøse historieframstellinga til Hans-Fredrik Dahl inn som del av målstriden, til liks med den oppklårande pamfletten frå Kjartan Fløgstad.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen