Kjempar for fagbøkene
Regjeringa har i framlegget til statsbudsjett for neste år foreslått å fjerne støtteordninga til norskspråklege lærebøker for høgare utdanning. Forslaget er katastrofalt for den norske fagbok-kulturen, om vi skal tru norske forlagssjefar:? Samlaget kan berre gje ut eit minimum av fagbøker neste år, om dette blir vedtatt. Vi vil trekke oss heilt frå samfunnsvitskaplege utgjevingar og vi kan berre satse minimalt på historie, seier Nina Refseth, forlagssjef i Det Norske Samlaget. Ho fryktar ei forvitring av den norske fagbokkulturen og norsk fagterminologi innan ei rad universitetsfag:? Støtteordninga har gjort det mogleg med ei bredde i faglitteraturen som har bidrege til å utvikle eigne norske fagterminologiar. Dette vil nok forsvinne til fordel for ein rein engelsk terminologi, fryktar Refseth. Ho utelukkar at Samlaget vil måtte ty til oppseiingar, men innrømmer at forlaget må vende seg meir mot den allmenne marknaden.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent