I Klassekampen 9. november etterlyser filosofen Arne Johan Vetlesen ein analyse av samfunnsmessige konsekvensar av rådande nostalgivegringa. Eit framlegg til slik analyse ligg allereie føre. Det er mi bok «Utdrag frå MISTRU DEN SOM IKKJE ER NOSTALGISK! med merknader. Om det forgjorte» som kom våren 2003. Eg deler den oppfatninga at ikkje minst folk som kallar seg progressive har hatt ei politisk uheldig innstilling til nostalgi. Eitt poeng er at det trengst erfaringsgrunnlag for å kunne lengte og ha planar, søkje alternativ til det som er, eller som eg litt sleivete og polemisk har uttrykt meg i ein annan samanheng: «Var det så mykje betre før? Det er somme som tvilar på det. Naturlegvis var det betre før. Kva skulle ein elles ha å sjå fram til, om ein ikkje hadde røynsle for at verda kan vere betre enn ho er? Var det ikkje betre før, måtte livet vere utan mål og meining, og hug og minne vere uråd» (Syn og segn, 4,1994). Det er ein påfallande tendens til å vilje definere og retthaversk avgjere kva som er dei korrekte menneskelege lengslene, og framstille folk med andre lengsler som hjelpetrengande, og det pågår ein slags kampanje mot feilaktige lengsler, kalla nostalgi. Avnostalgifiseringa av samfunnet har ein aura av hygiene og desinfisering, så folk kan verte psykisk sunne og sterke nok til å erkjenne realitetane, ikkje vere kranke og forblinda. Denne eugenikken vert eit litt underleg prosjekt når ein innser at nostalgi er eit anna namn på kjærleik. Men når Vetlesen framstiller nostalgi som historiekunnskap, som kritikk, som ein ståstad for kritisk perspektiv på notida, så held han seg innan ein tenkjemåte som eg vil karakterisere som teknologiutopisk. I teknologiutopisk tenkjemåte vert poesien fornekta og samfunnet forstått som semantikk. Innan denne tenkinga vert lengslene sortert inn under teknologien, slik at dei kan rangerast som meir eller mindre framskridne eller tilbakeliggjande, korrekte eller feilaktige.