Skikkeleg uvel 2
Eg vakna midt på natta med ei galopperande kvalme og det første eg tenkte var: «All that is solid melts into air». Eg hadde over hovudet ikkje drøymt om Marsdal & Wold eller det tredje venstre. Men heller ikkje Marx & Engels kan ha skjøna kor konkret manifestet kan virke. Tilstanden min kunne rett og slett ikkje ha vore skildra på meir presist vis. Sidan eg skulle på seminar og dosere nedsetjande om alle som driv og rek til legen med alskens heile tida, snakka eg strengt til meg sjølv. Det heldt akkurat den veka og neste. Etterkvart som dagane forsvann og magen min meir og meir likna ei bongotromme med ilagt krigssone, kapitulerte eg likevel og gjekk til fastlegen. Ho konstaterte utan vidare at eg hadde eit virus ho ikkje kunne gjere noko med. Eg sa eg trudde eg hadde drukke dårleg vatn. Ho såg ikkje ein gong på meg, og då eg månaden etter strena inn på kontoret hennar med «kva var det eg sa» over heile andletet, heva ho ikkje det minste på augnebrynet, men repliserte strengt at «når eg høyrer hestehovar, så trur eg det kjem ein hest, ikkje ein sebra». Kor er livlegar når ein treng dei, tenkte eg nokså irritert. Er ein forgifta, så er ein forgifta.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn