S.O.S. på finsk
I dag las eg Paul von Martens, ein finlandssvensk forfattar fødd 1930, som denne hausten sender ut sin tiande roman, «Nemesis eller lika för lika» utgitt på forlaget Fontana, 2004. I romanen fortel han om Stig-Olof Stenbrott, som oftast nemnd S.O.S. Stenbrott er ein fredeleg (men motig) finsk journalist, 56 år, gift med Rosemarie Stenbrott, verdskjend forskar i sosiologi, og dei har ein son, Hadar. S.O.S. er redaktør i ei avis og har skrive mange leiarartiklar som kritiserer USA. I den siste leiaren, som våren 2004 kommenterer den internasjonale terrorismen, skriv han at historia ennå ikkje har sagt sin endelege dom over ein nasjon og ein president som 6. august 1945 kunne ta livet av ein halv million menneske utan seinare å stå til ansvar for det. For dette får han sparken i avisa etter at den amerikanske ambassaden går til aksjon. Den amerikanske presseattacheen Michael Cunning, hevdar at S.O.S. er tilknytt den internasjonale terrorismen. På det grunnlaget trugar han den avsette redaktøren på livet.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn