Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Langslet beklagar

I gårsdagens Klassekampen går forfattaren Kjartan Fløgstad hardt ut mot det han kallar historieforfalsking hos Hans Fredrik Dahl. Fløgstad meiner at Dahl i Norsk idéhistorie band fem, koplar saman målrørsla og NS på ein måte som ikkje kan grunngjevast empirisk. Dahl er i Burma for tida og var dimed ikkje tilgjengeleg for kommentar i går. Det var derimot Lars Roar Langslet, som òg får hard medfart av Fløgstad. Lars Roar Langslet har skrive riksmålsrørslas historie i boka «I kamp for norsk kultur» (1999), og Fløgstad hevdar for det fyrste at Langslet skriv for lite om riksmålsforbundets rolle under krigen, og at det mellom det vesle han skriv er direkte faktafeil. Langslet skriv om Riksmålsforbundets ekstraordinære landsmøte den 19. april 1941, for det fyrste at landsmøtet fann stad i mars og for det andre at forbundet der vedtok å legge ned språkstriden under krigen «så nordmenn ikke splittet sine krefter». Langslet skriv vidare at mållaget deretter avviste invitten frå riksmålsfolka. Ifølgje Fløgstad er dette så gale som det kan bli. Forslaget om å legge ned språkstriden vart aldri vedtatt; det fall mot tre stemmer. I staden vedtok landsmøtet å gi «sin tilslutning til alle positive tiltak for å få opphevet språkforandringen av 1938» ? altså å samarbeide med Quisling-regimet for å få oppheva den demokratisk fatta rettskrivingsreforma av 1938.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen