Antivirus-bombe
Telefonen ringjer. Ei over-ivrig jentestemme: «Er jeg kommet til Lunden? Jeg ringer for å fortelle at vi har fått et nyt preparat, en antivirus-bombe!» «Kva kalla du det, eg er gammal og høyrer litt dårleg?» «Antivirus-bombe!» «Den er sikkert bra. Men eg er pasifist, og kjøper ikkje noko slags bomber.»Det er éin type terrorisme som Bush må ta tak i, no han kjem styrka attende. Det er den vi vert utsette for heile tida, vi gamle og fattige på Romsås og liknande stader. Tilfeldigvis er eg dels på ei adresse i Oslo 2, dels på ei Romsåsadresse. Det er uråd å unngå å leggje merke til at der kjem ti tiggartelefonar til Romsås for kvar tilsvarande til Oslo 2. Ringjarane har nok den teorien at endå vi fattige og gamle på Romsås har lite pengar, så har vi endå mindre motstandskraft og forstand. Fiffen i vest ventar dei seg tydelegvis lite av.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn