Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Kulturell varetelling

BUL i Nidaros:«Peer Gynt»Av Henrik IbsenInstruktør: Karstein SolliMusikk: Einar Olav LarsenDet er lenge sia annleispratande bondeungdommar som flytta til byen for å arbeide eller gå skule, trong ein friplass der dei kunne vere seg sjølve. Bondeungdomslaget i Trondheim, eller BUL i Nidaros som laget heiter, var 100 år i vår. Etter kvart har laget endra og utvikla seg til å bli ein enorm kulturinstitusjon med mange sterke særlag. Songlag, folkedanslag, spelemannslag, og det eldste av dei alle; teaterlaget. Det siste har vore ein talentfabrikk av dei heilt sjeldne, og eg tar ikkje munnen for full om eg seier at norsk teater hadde vore atskillig fattigare utan teaterlaget i BUL. Mange vel etablerte, profesjonelle skodespelarar har fått grunnutdanninga si her, og Trøndelag teater hentar stadig unge talentar frå BUL til barne- og ungdomsroller i musikkspela sine. Sommarteatret på Munkholmen har vorte ein institusjon i Trondheim, og teaterlaget har også laga eit utal andre produksjonar.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen