Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Fleire kommunale kroner til VIF Fotball

VIF Fotball driv eit fantastisk bra barne- og ungdomsarbeid, men i den 45 år gamle brakka på Vallefeltet er det ikkje ein gong muleg å ta seg ein dusj etter trening eller kamp! Det som var ti lag i 1996 er 45 lag i dag. Mange fleire enn oss som har hatt eigne ungar i VIF-miljøet, veit kor verdfullt det er, og kor mykje gratisarbeid det krev frå leiarar og foreldre. Denne breiddeidretten for barn og unge er økonomisk skild frå elitefotballen i VIF, sjølv om alle er ein del Vålenga. Det er for eksempel sånn at dei 2,6 årsverka som trengst for å administrere barne- og ungdomsarbeidet i VIF-fotball må leige kontorplass til høg marknadsleige i nybygde Valhall som ligg i utkanten av fotballfelta på Valle. Dei ønskjer seg plass i eige hus når «brakka» blir utvida. Det viktigaste pengespørsmålet VIF Fotball har reist overfor bystyret i haust, er spinkle 7 millionar til å få bygd dusjrom i tilknyting til den 45 år gamle «brakka» på Vallefeltet. (Det vil seie litt meir enn Hafslund sponsar elitelaget med neste år). Klubbhus-delen, som er ein viktig del av idrettshistoria på austkanten, vart i fjor pussa opp på dugnad. Garderobedelen som er befengt med råte og dess like, og er utan dusj, skal rivast. Det seier mykje om Oslo bystyre når leiarane i VIF-fotball må gi beskjed til andre lag som skal spele kamp på Valle, at det er dessverre ikkje muleg å dusje etterpå. RV går sjølvsagt inn for at bystyret skal løyve pengar slik at det blir bygd dusjanlegg neste år. VIF Fotball ønskjer same opplegg for fullfinansiering av dette som Skeid har fått tidlegare til eit liknande anlegg.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen