Verbal undring
«Chinindrest take-away»Av og med Dood PaardTeaterhuset Avant GardenDen nederlandske teatergruppa Dood Paard har gjesta Teaterhuset Avant Garden. Det er seks år sia sist, og eg håpar det ikkje blir like lenge til neste gong. Dei to produksjonane eg har sett, har vore særs eksperimentelle, og i forma freista å tøye teatrets grenser, men samstundes vore absolutt tilgjengelege og fattbare for ein middels teatergjengar. Denne oppsettinga heiter «Chinindrest take-away», og tittelen spelar på alle dei eksotiske kinesiske, indiske og you-name-it-restaurantane som dukkar opp i kjølvatnet av innvandringa til Nederland (og Norge), men som må tilpassast sarte europeiske ganar og difor ikkje blir så autentiske som vi trur. Importert kultur slipast og blir europeisk og kvit. Alt skjer på våre vilkår. For jamvel om det er langt frå agitasjonsteater vi får presentert, er det ei særs politisk og sivilisasjonskritisk oppsetting Dood Paard har laga. Rundt eit verbalt skjelett improviserer dei fram samtalar, observasjonar og kommentarar om makro- og mikrokosmos, om verdspolitiske forhold og dei heilt private, intime. Presentasjonen skjer ofte i kontrast til innhaldet i det dei seier slik at det verbale og fysiske står i motstrid til kvarandre. I ei blanding av alvor og skjemt er det ikkje alltid godt å henge med, og ein kan ta seg i å le av utsegner som slett ikkje er artige. Slik manipulerer dei med publikum – og får oss til å skjerpe oss. Alt dette skjer til akkompagnement av ein dj som kommenterer kommentarane på musikalsk vis.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn