Den vesle visitten min til Bjørn Vassnes si «Viten»-spalte 14. oktober har falle han tungt for brystet (Klassekampen 15.oktober). Eg kan forstå det: Etter at eg i stor grad sa meg samd i det han skreiv i den første artikkelen sin, slenger eg på med «udokumenterte» påstandar og at ein forskingsjournalist ikkje skal ha meiningar! Det var ikkje meininga. For det første skal Vassnes ha ros for sitt mangeårige arbeid som journalist på dette feltet. Vi har altfor få! For det andre kan det (som eg skreiv) vere journalistisk bra å sjå vitskapleg diskusjon gjennom eit personleg engasjement, utan alt for mange ein-seier-det-og-ein-annan-det. Mi innvending var at han kan fremje dette for sterkt! Eg treng ikkje gå lenger enn innlegget hans. Han ser det som si «plikt å kritisere (?) hvordan enkelte bruker tvilsomme religiøse og ideologiske argumenter for å hindre forsking og (?) fremskrittene derfra (jfr. Høybråten og Bush)». Eg går ut i frå at Vassnes her viser til stamcelleforskinga. Personleg ser eg på Høybråten som ein prinsippfast politikar, som klarar stå mot postmoderne intoleransar på ulike felt. Diskutabelt? Sjølvsagt! (Bush, derimot, er heilt prinsipplaus, for foster og for dødsstraff!) Uansett syn på stamceller eller genmodifisering: Poenget er at vi sidan Adam og Eva, Faust og Hiroshima må sjå tvisynt på «framskrittet» og «verdifri» kunnskap. Dessutan er det i forskingsmiljøa ei premiering av det nye som ikkje alltid er av det gode. Å vurdere det er ikkje «viten», men – meiningar. God popularisering av forsking er her eit svært viktig grunnlag – men ikkje som polemikk der visse syn blir framstilt nedsetjande.