Ei brukt seng
Leonard CohenBecause Of(«Dear Heather», 2004)Sjølvsagt er det Leonard Cohen. Han er tilbake. På måndag opnar han igjen si songbok. Ei av scenene verkar meir enn velkjent. Eit interiør. Det første morgonlyset. Ei uoppreidd seng. Ei naken kvinne. Gjennom 14 album har Leonard Cohen hardnakka heldt seg til sine tema. Kjærleiken, kvinna, døden, poesien. Den nye plata endrar ikkje noko som helst på det. Han er 70 no og ein sta jævel. Manisk har han krinsa rundt sine oppheng. Han har skrive om drifta, emosjonane, kunsten. I den tabloide versjonen er Leonard Cohen ein snill raudvinsonkel. I tekstane er han ein rå faen. Songane renn til tider over av lyst, hat, desperasjon, depresjon og sjølvmordstankar. «Because Of» kunne ha vore avskjedssongen til ein gammal gris. Ein som tenker tilbake og med skjelvande baryton kviskrar fram si lengt etter kvinner: They make a secret place/ In their busy lives/ And they become naked/ In their different ways. Det er ein skummel tanke å legge teksten i munnen på til dømes ein Mick Jagger, ein Rod Stewart eller ein Tom Jones. Ikkje minst fordi songtittelen avslører kva som har drive artisten: «Because of a few songs/ Wherein I spoke of their mystery/ Women have been/ Exceptionally kind to my old age.» Det er altså songane som har fått han i posisjon. Han har dradd damer på songane! Men det er trass alt Leonard Cohen vi snakkar om, og sjølv om han kan vere ein løgnhals i tekstane, er det ikkje vanskelig å bli rørt av denne songen. Det er eit avskjedsbrev. Det er eit takkebrev. Det er eit vakkert lite postkort. Det er som om Leonard Cohen reiser seg i rommet. Det luktar kjønn og senga er brukt. Han samlar saman tinga sine og gjør seg klar til å gå ut i morgonlyset. Han har kledd seg, sett på seg hatten og snur seg i døra. Kvinna i rommet seier: Sjå på meg, Leonard, sjå på meg ein siste gong. Ho ligg naken i senga, strekker seg ut på magen, røyker kanskje, vil at han skal komme tilbake i rommet, kle av seg og legge seg oppå henne igjen. Mot slutten av songen kjem eit kor av kvinner inn, dei syng og lokkar, vil ha han tilbake, eit englekor, ein mur av sirener som ikkje gir seg så lett: Sjå på meg, Leonard, sjå på meg ein siste gong. Og det er som den 70 år gamle Cohen i denne vesle songen tar farvel med alle kvinnene han ein gong har elska. Han må gå, det er tidlig morgon, det er sein kveld. Det er ikkje meir tid. Han må gå, takk for no, takk for alt som har vore. Han blir ståande i døra, ser seg tilbake. Så går han inn i rommet igjen. Tar av seg hatten, tar av seg frakken, tar av seg dressen. Med sakte rørsler plasserer han alle kleda på ein stol. Stille legg han seg inntil alle kvinnene. Dei omsluttar han, held rundt han, passar på han, syng han i søvn som ein baby. Så blir han borte i den uoppreidde senga.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn