Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Dei vidunderlege åra

Fredsbarn. Eg sat på den låge muren rett utanfor klasserommet. Det var vår, det var eksamen og det var over. Eg sat med den vesle blå boka i handa, strauk det slitne, litt ruglete omslaget. Såg kven som hadde hatt den før meg: Nina las den i fjor, Jeremy året før, Sasha før det igjen. Alle hadde dei lest «Fredsbarn», skribla litt ulovleg i margen og bladd seg vidare til «Fjær», «Forsvar» og «Litteraturundervisning». (Tøffast er det på tysk såklart, men for å vere grei med dei som ikkje har ei mor med tysk i fagkrinsen, nyttar eg ei omsetjing gjort av Carl Fredrik Engelstad (Gyldendal Norsk Forlag, 1977). Eg undra meg over kva dei som gjekk føre meg fekk ut av boka. Brått kjende eg ein sterk trong til å vite kva akkurat denne litteraturen var for dei andre, om den var noko i det heile. Sjølvsagt visste eg allereie då som attenåring, at kunstopplevinga, eller kanskje det berre kan kallast lesaropplevinga, var subjektiv, men dette spørsmålet plaga meg likevel. Var det berre eg som kjente meg oppglødd over boka? Det var ei tynn, rar lita bok skriven i 1977 av ein fyr frå Aust-Tyskland, som seinare blei kasta ut av landet. Dette var ei slik bok som foreldra mine sikkert hadde lest. Den var langt i frå «Beatles», langt i frå «Brave New World». Eg bladde sakte frå side til side og lurte på kva litteratur var for elevane i gamle DDR. Om dei hadde dingla med beina frå ein mur, heldt «Die wunderbaren Jahre» mellom henda og tenkt at slik litteratur var sjølvaste livet. Kan hende likte dei den ikkje i det heile, kanskje var det provoserande å lese om sitt eige land, liv og system på den måten; kritikken, ironien og den tørre harselasen. Dessutan var det jo ingen roman, berre ei samling korte og kortare stykke som var sett saman i ei og same bok. Dette var noko av det underlegaste eg hadde lese nokon gong, og eg håpte at dei hadde kjent den skrekkblanda fryden eg kjente då eg las «Seksåring»: «Han gjennomborer leketøyssoldater med knappenåler. Stikker dem i maven til spissen kommer ut gjennom ryggen. Stikker dem i ryggen til spissen kommer ut gjennom brystet. De faller. 'Hvorfor gjør du sånn med dem?' 'Det er jo de andre'.»Eg tenkte på då eg stod som seksåring i skolegarden, og den søtaste jenta i klassen spurte kvifor eg ikkje hadde Barbie-dokker.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen