Vikingen – ein outsider?
«Glem myten om den nådeløse vikingen som drepte og voldtok.» (Aftenposten 20. juni 2001). Slik Yngvar Ustvedt viser i den nye boka si, er dette sitatet typisk for mange velmeinte freistnader i seinare år på å stille vikingane i meir positivt lys. Ustvedt har heilt rett når han held fast på at vikingane var høgst valdelege, og det er verdifullt at han gjer dette. Likevel har han diverre skrive ei grunnleggjande uklår bok, der resultata hans også vert ytterlegare skoddelagde av meldarar. (Såleis antropologen Thomas Hylland Eriksen, Morgenbladet 8.-14. oktober 2004.) Ustvedts bok er også noko historisk naiv. Uklårleiken er først uttrykt i den sjølvmotseiande tittelen: «Verre enn sitt rykte: Vikingene slik ofrene så dem». Treng ein vere faghistorikar eller antropolog for å sjå at korleis vikingane var, får ein knapt full greie på ved å spørje ofra? Dei drepne og valdtekne kan ha vore litt partiske?
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn