Dei som trudde at den konsernstyrte globaliseringa skulle føra til fredeleg samhandling tok feil. Dei som spådde at det tvert imot ville føra til økonomisk og sosial destabilisering, med nye valdelege konfliktar som resultat, fekk rett. Det væpna ranet som for tida føregår i Irak er det hittil sterkaste dømet på at vi står overfor ei væpna globalisering, kjenneteikna av nedkjemping av all opposisjon, kamp for kontroll med ressursar og marknader, innskrenking av demokratiske rettar, og spreiing av antidemokratisk, nykolonialt tankegods. Irak er det hittil viktigaste dømet, men Irak kan også bli vendepunktet. Det ser ikkje ut til at USA kan vinna krigen i Irak; til det er motstanden blant det irakiske folket alt for sterk, og veksande. Etter ein langvarig okkupasjon, der okkupasjonsmakta ikkje viser nokon vilje til å betra dei materielle forholda, der nauda er større enn før invasjonen, og der demokrati og grunnleggande menneskerettar verkar like fjernt som under den eigne diktatoren, er håpet om «stabilisering» av situasjonen svært liten. Irak-krigen har allereie ført til eit avgjerande vendepunkt i verdsopinionen. Groteske torturskandalar for ope kamera, avsløringa av dei massive løgnene om motiva for invasjonen, og den kjensgjerninga at folkeleg mobilisering hindra ei rekkje vestlege regjeringar frå å støtta Bush, har til saman ført til at mistrua til amerikansk utanrikspolitikk er på eit historisk høgt nivå over heile verda. Ingen bør ha illusjonar om ein annan politikk med John Kerry som president, men eit skifte kan ha heldige konsekvensar for vår eiga evne til kritisk tenking. Utfallet av okkupasjonen kan også bli eit avgjerande vendepunkt for kva slags verdsorden vi får framover. Skulle amerikanarane etter kvart klara å «stabilisera» okkupasjonsregimet, ville det vera ei stor oppmuntring til å setja i gang nye åtakskrigar på tvers av Folkeretten. Kva Noreg vel å gjera er viktig i denne samanhengen. Jo meir vi bidrar til okkupasjonen, om det er gjennom trening av irakiske kollaboratør-soldatar eller gjennom norske selskap som deltar i ranet av naturressursane bak geværmunningane, jo meir bidrar vi til at prinsippet om den sterkaste sin rett skal gjelda, med nye krigar som sannsynleg resultat. Okkupasjonsmakta har trass alt nokre gode kort på handa, og det viktigaste er biletet av den irakiske motstandskampen. Gjennom media blir det skapt eit inntrykk av at motstanden i hovudsak blir utøva av reine terrorgrupper. At slike grupper finst, er det lite tvil om. Men det burde vera like lite tvil om at dei ikkje er representative for den breie motstanden mot okkupasjonen. Det finst ikkje ei samla motstandsrørsle under felles kommando i Irak, men det finst ei lang rekkje grupper og organisasjonar, alt frå menneskerettsorganisasjonar til politiske parti, frå sekulære til strengt religiøse grupper, som meir og meir finn saman i kampen for eit felles mål: Eit fritt og demokratisk Irak. Her står også den globale freds- og demokratirørsla overfor eit mogleg vendepunkt. Spørsmålet er om vi klarer å kasta av oss alt kolonialt tankegods, om vi klarer å aktivt kjempa mot førestillinga om «clash of civilizations», der arabarar og muslimar oftast framstår som fanatiske terroristar og kvinneundertrykkarar. Det handlar rett og slett om å innrømma irakarane rett til å gjera motstand mot eit brutalt okkupasjonsregime. Det er ikkje opp til oss å definera framtida for Irak. Motstandarane av okkupasjonen ber då heller ikkje om politisk og ideologisk støtte, men om støtte til eit demokratisk prinsipp. Debatten er livsviktig dersom rørsla skal ha framgang i kampen mot den væpna globaliseringa. Ein stad å diskutera blir på globaliseringskonferansen i Oslo, 21. -24. oktober.