Vil ikkje kriminalisera
I går presenterte jusprofessor Ulf Stridbeck rapporten «Sexkjøp i Sverige og Nederland», som er laga på oppdrag frå Justisdepartementet. Rapporten er ein del av førearbeidet til ei vurdering av om sexkjøp skal kriminaliserast i Noreg. Stridbeck og politiinspektør Olaf Kristiansen, som utgjer fleirtalet i arbeidsgruppa bak rapporten, er skeptiske til å kriminalisera kjøp av sex. Professor dr. med. Berit Schei utgjer mindretalet og er tilhengjar av kriminalisering. Fleirtalet legg i si oppsummering vekt på at handhevinga av lova har vore vanskeleg, mange saker er lagde til side på grunn av problem med fellande prov, og at dei mest utsette kvinnene har blitt vanskelegare. Schei reserverer seg på vesentlege punkt i forhold til den oppsummeringa fleirtalet har levert, og legg vekt på at lova ikkje har ramma dei prostituerte kvinnene, men tent til å redusera omfanget av prostitusjonen.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn