Utfordring
Viktig melding til deg som gjer karriere innan samfunnsvitskap og rikssynsing: 200.000 folk demonstrerte i sentrum av Amsterdam laurdag. Mot kutt i trygd og velferd. Dette var den største mobiliseringa i Nederland sidan 1981. 200.000 marsjerande demonstrantar. Mobilisert av kven? Av lause nettverk og urbanistiske e-postlister? Nei, av tre sterke fagforbund. Arbeidsfolk mobilisert av organisasjonane til arbeidsfolk. Nyleg vart den enorme hamna i Rotterdam stengd av 50.000 demonstrantar. Sist måndag var det 24 timar streik i Amsterdams kollektivtransport. I Berlin held protestmarsjane mot nedskjeringspolitikken fram, i helga deltok over 20.000 der. Alt dette, samt dei italienske generalstreikane som har samla millionar mot nyliberalismen til Berlusconi, kan by på utfordringar for samfunnsteori og rikssysnsing. For det er jo individualisering som er diagnosen på vårt postmoderne, seinmoderne, refleksive, postindustrielle, nettverksinformasjonssamfunn. I dag må vi lytta til den tyske sosiologen Ulrich Beck. Han har vist at alle forsøk på å bruka ein kategori som arbeidarklassen «mangler rot i virkeligheten». Alt slikt dømt til å mislukkast fordi det «forutsetter en kollektiv situasjon som oppheves av individualiseringen». Dei som vil «gjenopplive arbeidersolidaritet og klassesolidaritet med klasseanalysen er simpelthen ikke troverdige», meiner Beck. For «under globaliseringens og individualiseringens betingelser ønsker vi å gå ut fra at den forutgivne kollektiviteten, som skaper klassebevissthet og politisk dynamikk, nettopp oppheves av individualiseringen». Logikken har vore upåklageleg: Vi har individualisering fordi det ikkje finst klassar lenger, og det finst ikkje klassar meir fordi vi har individualisering. No er utfordringa for metateorien å forklara korleis reint individuelle meiningsskilnader anno 2004 produserer på den eine sida ein systematisk offensiv for finanskapitalen sine interesser gjennom EUs økonomiske politikk og på den andre sida massiv motstand i land etter land, ein motstand som, for det teoretisk utrente auget, ser veldig ut som kollektiv motstand. Det kan vera fare for at dei teoretisk utrente misforstår kva som skjer i Europa no. Alle mann til tastaturet!
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent