Driv fram privatisering
«Offentleg privat samarbeid står igjen fram som eit sentralt verktøy for forretningsekspansjon både i utvikla land og utviklingsland», konstaterte tidsskriftet Business Credit i sitt april-nummer. Bladet går ut til alle toppsjefane i det USA-baserte nettverket FCIB, som samlar toppsjefar innan «finans, kreditt og internasjonal business». Her finn vi selskap som Haliburton, Hydro, PricewaterhouseCoopers, Chevron, Pfizer og JP Morgan Chase Bank. Men tross gode utsikter, skriv Business Credit: På grunn av utbreidd «skepsis og opposisjon» mot offentleg privat samarbeid (OPS), trengst det ofte «ein 'forkjempar' frå offentleg sektor som dei ulike gruppene kan forhalda seg til». I den fattige delen av verda har FN tatt på seg jobben med å vera denne «forkjemparen».FNs utviklingsprogram (UNDP) har etablert store program for å driva fram OPS i Nepal, Namibia og Uganda. UNDP promoterer også privatisering gjennom partnarskap i Argentina, Indonesia, Laos, Malaysia, Mosambik, Ukraina og på Haiti og Filippinane. Dette skjer gjennom prosjektet Public-Private Partnerships for the Urban Environment (PPPUE). Det siktar spesielt mot å få private selskap inn i den urbane infrastrukturen, det vil seia vassforsyning, transport, elektrisitet og så vidare. I PPPUEs database over FN-relevante OPS-prosjekt finst privatiseringa av drikkevatnet i Cochabamba i Bolivia. Då eit selskap eigd av amerikanske Bechtel fekk denne kontrakten gjekk det to månader før prisane vart skrudd opp og lokalsamfunnet eksploderte i opprør. «Vatnkrigarane» fekk kasta ut Bechtel, som svarte med å krevja erstatning.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent