Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Orsak

Rune Ottesen, leiaren av Norsk faglitterære forfattar og omsettarforeining hevdar i eit innlegg at eg har kome med feilaktige opplysingar i mi Ibsen-reportasje her i avisa sist laurdag. Han har rett. I Ibsen-saka skreiv eg om ein middag for Helge Rønning på Gamle Losjen i høve Rønnings 60-årsdag. Der var det 250 gjestar. Eg omtalte middagen av di Bjørn Smith Simonsen heldt ei tale der han kom inn på venskapen mellom Rønning og Engelstad. Eg skreiv: «Den omtalte middagen ble for øvrig bekostet av NFF. Der koster medlemskapet tusen kroner i året. De øvrige pengene til NFF kommer fra Kopinor.» Det var ikkje NFF som dekte kostnadene. Det var Kopinor som heldt middagen og la ut for serveringa. Kvifor skreiv eg at det var NFF? Av di dei to eg snakka med som var til stades, sa at det var ein NFF-middag. Eg tenkte ikkje over at dei kunne ta feil. Eg rekna med at det var rett sidan Helge Rønning er tidlegare leiar av NFF. Det var elles grunna ledervervet i NFF at han seinare fekk eit av dei verva han har no, leiarskapen i Kopinor. Eg hugsa òg at denne 60-årsdagen vart omtalt i NFFs medlemsblad for ei tid attende. Dette var også med på å gjere at eg tok opplysingane for god fisk. Det eg har lært av dette, er at eg ved neste høve må verte endå meir kjeldekritiske og stille endå fleire spørsmål ved ei kvar saksopplysing eg får, også dei tilsynelatande ukontroversielle. Dette var min feil, og eg seier orsak til Rune Ottosen, Helge Rønning, NFF og ikkje minst, Kopinor for denne feilopplysinga.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen