Naturvitskap og marknadsliberalisme
John Y. Jones kommenterer i Klassekampen 27. september Bjørn Vassnes sin artikkel om genmodifisering den 15, september. Eg skal ikkje gå inn på den konkrete diskusjonen om genmodifisering, men fokusere på Jones sin påstand om at «? våre rådende verdier er ektefødt barn av en allianse mellom markedsliberalismen og naturvitenskapene». Denne påståtte alliansen er såpass oppsiktsvekkjande at han fortener litt nærmare gjennomtenkjing. Marknadsliberalismen forstår eg (som ikkje-fagmann) som ein spesiell økonomisk teori som for tida står sterkt blant dei som har makta i sentrale kapitalistiske land. Slik sett kan ein oppfatte marknadsliberalisme både som ein omstridd del av samfunnsvitskapane og som ein del av ein politisk ideologi. Etter Jones sitt syn skulle altså denne spesielle retninga stå i ein allianse med «naturvitenskapene», det vil seia alle dei akademiske faga som syslar med studien av naturen! Eg ville ikkje ha funne grunn til å peike på det urimelege i dette om det ikkje var fordi eg trur Jones her på ein overtydeleg og uheldig måte representerer eit meir moderat syn som sjeldan blir sagt i klartekst, men som dessverre ser ut til å vera nokså utbreidd: «Naturvitskap og teknologi står i motstrid til det folkelege og radikale, mens samfunnsvitskapane og kulturlivet er dei interessante arenaene for venstreorienterte» (det ser også ut til å vera ein tendens til å stemple den økonomiske vitskapen som «høgreorientert» i seg sjølv). Eg trur at venstresida treng ei bevisstgjering omkring dette, for å få klart for seg at naturvitskapane utgjer ein nødvendig del av vår menneskelege leiting etter kva som er sant og usant, som grunnlag for å bygge eit best mogleg samfunn. Men som all vitskap treng naturvitskapane kritisk og kunnskapsbasert interesse frå samfunnet. Eg er glad for at Klassekampen er med på dette, blant anna gjennom den populærvitskaplege spalta til Bjørn Vassnes. Slik at vi blant anna kan diskutere genmodifisering ut frå både faktisk kunnskap og politisk ståstad.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn