Kongen og pingiskongen
Klassekampen sine lesarar er skolerte marxistar. Dei veit at kvantitet slær over i kvalitet (dersom det ikkje var motsett?) Dei ser då like klårt at kongedømet kan avskaffast likså godt kvantitativt som kvalitativt; det vil komme ut på det same, til slutt. (Avskaffinga vil vere ein forfatningsrevolusjon. Men trass i alt professor Bernt Hagtvet held fram, vil revolusjonen ikkje nødvendigvis vere valdeleg, eller udemokratisk.)Eit ledd i den kvantitative avskaffinga av det svenske kongedømet kunne vi sjå på svensk tv søndag 29. august, ved slutten av OL. Kungen – eller knugen som han sjølv helst skriv – vart intervjua av ein ung sportsjournalist: Korleis såg han på at Sverige no hadde to kungar, pingiskungen Johan Wallner og så han sjølv? Kungen kunne leve med dette. Mindre nøgd var han – ved ettertanke – då han fekk overrekt av journalisten ei av Wallners utsveitta t-skjorter, med den merknaden at skjorta nok var i største laget for mottakaren. Kungen tok imot. Likevel vart skjorta, etter at majesteten hadde gått, på nytt framvist. Ho var returnert, sidan kungen hadde funne at han «inge var tilräkligt bra i pingis» til å bere eit så krevjande plagg. I røynda var det vel ein kongeleg rådgjevar som hadde komme i tankar om at det er tiårige fans som ynskjer slike gåver frå sine idoler?
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn