Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Trua på orda

Hanne Ørstavik«Presten»Roman Forlaget Oktober I «Presten» kan ein kjenne att mykje av tematikken frå Ørstavik sine tidlegare bøker. Religionen har for denne særskilde presten nemleg samanheng med trua på språket, og både religion og språk handlar igjen om forståing mellom menneske. Liv, som presten heiter, leitar etter meininga i språket, men er i tvil om kor ho skal leite. Så lenge ho tvilar får ho ikkje til å bruke orda på ein måte som kjennest rett, korkje i møte med medmenneske eller med trua. Vi møter henne først i det ho held nattverd, og ho uttrykker då korleis ho oppfattar kyrkjelyden som ein fellesskap, der samstundes kvar er eineståande. Alterringen ser ho som eit teikn, ein boge som viser til ein større sirkel utanfor der att, og til endå ein utanfor der att, til det heile vert eit «uendelig stort lysende rom» (s.5). Liknande skildringar går att gjennom heile fortellinga hennar, ei slags formgjeving av kjensler. Når det gjeld byen i Tyskland som Liv har flytt frå, og byen i Finnmark der handlinga i notid går føre seg, gjev det faktiske landskapet uttrykk for endringar i Liv: den første staden har mjuke bogar, svingar og krokar, medan den siste er bygd strengt opp som eit nettverk om to rette aksar. Hit reiste Liv grunna ei hendingsrekke med dramatiske ytre og indre konsekvensar. Dette klarar ho ikkje å slutte å tenke på, og gjennom hennar tankesprang mellom notid og fortid kjem eit bilete av kva som hende gradvis til syne. Men den langsame avdukinga av sjølve hendingsforløpet er i grunnen ikkje særleg spennande. Meir interessant er kva hendingane har kome til å tyde for Liv og hennar noverande problem med orda, Ordet og mellommenneskelege relasjonar.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen