Frå kanten av stupet
Måndag 6. september er det 100 år sidan Per Sivle døydde, på dramatisk vis. Eit par dagar før sa han litt forblomma til ein av dei næraste venene sine, Anders Hovden, at han ville gjera som dei gamle romarane. Dei gjekk i bad, dei, sa han. Og så gjekk han til Torggata bad og skaut seg der. I ettertid har somme sagt at sjølvmordet var hemn mot dei med makt for at han miste økonomisk stønad til si diktargjerning. Det er i alle fall ikkje heile sanninga. Det kan vel vera eitt moment, men det vart forsterka av andre. Sivle hadde lenge vore plaga. Alt frå 1880-åra, før han vart redaktør for Kristianiaposten, var han sjukleg. Han var i mange år plaga av migrene og av depresjonar. Depresjonane vart ikkje lettare då han kom i konflikt med sine eigne: dei radikale venstrefolka var misnøgde med han som redaktør sist i 1880-åra. Han drakk mykje; familielivet var på kanten av stupet i mange år; det heldt no på det viset det var, men kona flytte frå han og tok seg arbeid på ein annan kant av landet i fleire år. Dottera var med mora, medan Per snart budde her og snart der. Skaparkrafta var ikkje alltid på topp. Slik var det også i dei åra han var mest produktiv at det gjekk opp og ned. Dei siste åra gjekk det mest ned. I røynda skreiv Per Sivle svært lite i det nye hundreåret. I ettertid er det lett å gje Per Sivle ein sentral posisjon i litteraturhistoria. Den dag i dag er han ein forfattar med eit stort publikum; ikkje minst prosaforfattaren Sivle har det, og i røynda var det med prosa han slo gjennom. «Sogor» kom ut i 1887. Det er her vi finn tekstar som «Berre ein hund» og «Fanta-Nils» og «Hjelpelaus», med ein sjølvskriven plass både i lesebøker for ungdom og barn og i kanoniske «perler i prosa»-samlingar. Sivle fører inn eit nytt og annleis forteljeperspektiv i norsk novelledikting. Han skaper eit forteljar-eg som både er det vare, opplevande barnet og den vaksne samstundes, den vaksne som ikkje blir kvitt minnet om det såre i barneopplevinga. Den dag i dag representerer slike forteljingar noko nesten makelaust i norsk dikting. Få har nådd Sivles meisterskap nett her, og det er verkeleg meisterskap.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn