«Sykepleieren forsyner industriarbeideren med helsetjenester når hun har bruk for det.» Slik blir økonomiprofessor Kalle Moene referert, Dagsavisen 16. august. Korleis er dette å forstå? Får sjukepleierska – som det heitte i min formørka ungdom – av og til bruk for å forsyne ein industriarbeidar med ei helseteneste, for deretter å skride til handling? Nei, det er vel professor Moene (eller er det referenten Hallvard Bakke) som er progressiv og markerer at industriarbeidaren kan vere ei hun, tenkjer eg. Men lesarar av min forelda årgang vert forvirra av slike setningar. «Adjutanten hjelper generalen med avkledningen når hun trenger det.» «Asfaltarbeideren smelter når hun arbeider i solsteiken.» «Kongen holder seg hjemme når hun er syk.» Alle desse setningane er politisk korrekte no – også den siste, sidan kongedømet er eit embete, som eit bispedøme.