Venus og Mars i samspel
«The best fucking gun in the whole fucking world.» Slik tala ein menig engelsk soldat eg møtte på friidrettsmeisterskap i Düsseldorf for 53 år sidan. Objektet for den stolte omtalen var ein felles engelsk kanontype vi brukte (18-pundar?). Eg gjorde den gongen grunnlovsstridig teneste i Tysklandsbrigaden, som var stilt under kommando av The British Army on the Rhine (BAOR). Dei engelske Tommies hadde ei beundringsverdig militær og patriotisk innstilling. Det svært kraftige og seksualiserte språket, byrgskapen over kanoner og andre våpen, den glød dei, i stram rett-stilling, la i «God shave the Queen» (som vi norske sa) ved avslutning av kvar kantine-kveld kl. 2359, alt høyrde saman. Til og med ein seinare berykta nasjonalist som underskrivne hadde, liksom andre norske, ein tendens til å smile av denne engelske, martialske, seksual-patriotiske eldhugen.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent