Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Høgrepaternalismen

Eg har ingenting imot det reaksjonære, det undertrykkjande, det konservative. Eg har eigentleg ingenting imot høgresida som sådan. Det er måten Erna Solberg vraltar rundt og ser litt godsleg og normal ut medan ho oser av inhuman asylpraksis som gjer meg kvalm. Eg forstår Erling Fossen sine småfascistoide idear om at klassekampen er over i det postindustrielle nettverkssamfunnet, det er berre måten han sleng rundt seg med moteriktige frasar frå næringslivet på som irriterer. Han prøver å pakka inn antisosialismen sin som noko ungt og friskt, nett som Torbjørn Røe Isaksen i Unge Høgre. Pophøgre! Det er det dei er. No har eg funne opp ordet pophøgre. Og derfor har eg rett og plikt til å ta desse menneska i skule. Det er til deira eige beste. Eg er ikkje alltid mot høgrepolitikken, på ingen måte, eg skal berre visa høgrefolka kvar dei trakkar feil. Eg gjer dei eigentleg ei teneste. Dette vil eg ha pengar frå NHO til å skriva bok om. Erik Zsiga er ein jusstudent med bakgrunn frå Moderata Ungdomsfobundet, det svenske Unge Høgre, og han har via tankesmia Timbro fått pengar frå Svenskt Näringsliv, det svenske NHO, for å skriva boka «Popvänstern». Zsiga opnar slik: «Eg har ingenting imot det revolusjonære, det rebelske, det radikale. Eg har eigentleg ingenting imot venstresida som sådan». Han vil berre gjera venstresida ei teneste. Det er mykje som er forferdeleg gale med venstresida. Eg spurte Harald Eia om dette ein gong, og han rapporterte frå 1980-talet at venstresida var «den døvaste delen av befolkninga – med stygge klede og alt det der». I det nye tusenåret, derimot, er venstresida «oppe og går og har blitt hipstarar, og Unge Høgre er dei dølle folka som går rundt kledd som foreldra sine», la komiske Harald til. Så no kunne kanskje raddisane pusta letta ut?

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?