Flyturen oppover på søndag symboliserte på sin måte kva vi driv med her. Statsministeren var om bord. Ein ting er at norske statsministrar tek rutefly i lag med oss andre, men Kjell Magne, ja vi er på førenamn i dette landet, er også kledt som ein middels lektor som har fått på seg den mørke dressjakka over den lysebeige sommarskjorta og ditto bukse, samt brune, robuste, litt siglarskoaktige sko med gummisåle, og når vi kjem til Molde flyplass Årø går han ikkje ut i den ventande bilen, som sosialdemokraten Tony Blair garantert ville gjort, men tvert imot bort til bagasjebandet, der alle vi andre også står, og der hentar statsministeren sin bagasje, samt den til kona.