ESA går til sak mot Noreg
I går varsla ESA at Noreg må for retten på grunn av regelverket for livsforsikringar. ESA står for EFTA Surveilance Authority, og er organet som overvakar at EFTA-landa Noreg, Island og Liechtenstein oppfører seg i tråd med EØS-avtala. Denne gongen er det ein norsk regel om teikningskostnadene ved livsforsikringar som har fått overvakarane i ESA til å sjå raudt. Det norske kravet er at teikningskostnadene, som er sjølve kostnaden ved å inngå forsikringskostnadene, skal betalast i forkant av at forsikringa tek til å gjelda. Noreg har argumentert med at det er lettare for kundane å sjå kva kostnadene verkeleg er når dei ikkje blir fordelt utover perioden.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn