Stadig kjem nye skrekkrapportar frå Den demokratiske republikken Kongo – «Forferdet over vold og tortur», «Tusenvis av kvinner voldtatt» og «Milits i Kongo massakrerte 150 personer» er døme på avisoverskrifter den siste tida. Alt tyder på ein nasjon i kaos, noko som ikkje er så langt frå sanninga. Kongo er eit land prega av indre strid mellom folkegrupper som held stammetilhøyring meir heilag enn nasjonalitet. Kanskje ikkje så rart, når vi veit at grensene ikkje blei trekte opp av befolkninga sjølv. I staden for geografiske og etniske tilhøve, var det erobringstrongen til ein maktsjuk belgisk konge som blei avgjerande. Kong Leopold II såg seg ikkje nøgd med sitt Belgia, ein liten og umonaleg nasjon i det mektige Europa. Han ville ha noko meir, noko større, noko rikare. Og byrja å sjå seg om etter ein koloni. Utspekulert som han var, klarte han i 1885, etter fleire mislukka forsøk, å opprette Fristaten Kongo. Leopold hadde bygd seg opp eit rykte som ein sann menneskeven, og brukte store ressursar på å lobbyere rundt om i verda for å få anerkjent «fristaten». Motivet var sjølvsagt av filantrop art: ingen måtte tru at den belgiske kongen oppretta sin eigen, privateigde koloni av profittomsyn. Med på laget hadde Leopold mellom anna løgnaren, journalisten og oppdagaren Henry Morton Stanley. Grenselinjene trekte Leopold og Stanley opp etter førespurnad frå den tyske statsleiaren Otto von Bismarck, som var den einaste som trekte Leopold sin ærlegdom i tvil. Nokre få timar tok det å streke opp banen til det kongolesiske folket – eller rettare: dei kongolesiske folka – på eit kart på kongen sitt arbeidsrom. Skrekkveldet som deretter følgde, er nærast utan sidestykke i historia. Blodet flaut, lenkjene klirra og befolkninga blei halvert i løpet av to tiår. Gummien som gjorde Leopold til ein av verdas rikaste regentar, tok dessutan livet av ein heil generasjon. Konstant frykt for kolonimakta si hardferd og lange arbeidsveker for mennene, gjorde at kvinnene nesten ikkje torde å føde born, av redsle for at dei då ikkje ville vere i stand til å flykte frå fienden sine soldatar. Mr. Kurtz, ein av dei mest illgjetne og fælslege litterære figurane i førre sekel, er eit symbol for dei kvite generalane og offiserane i Leopold sitt Kongo. Blant dei var det òg fleire nordmenn.