Jerngrep
Det kan vera heilt tilfeldig at regjeringa har valt å setja i verk den første rettssaka for å kasta ut flyktningar frå asylmottak i juni, på den tida svært mange tar ferie. Det kan også vera heilt tilfeldig at regjeringa har valt flyktningar som bur i eit mottak i Lofoten, langt vekk frå hovudstaden til dette første juridiske eksperimentet. Og det kan vera like tilfeldig at regjeringa har valt å setja i verk denne saka mot flyktningar frå Etiopia før Utlendingsnemnda (UNE) har fått ferdig sin rapport om Etiopia. Mange veit at det er gode grunnar til at folk som har flykta ikkje seier ja takk til «frivillig retur» til det landet. Sjølv om UNE varslar at rapporten av omsyn til kjeldevernet ikkje vil bli offentleg tilgjengeleg, vil vi tru at innhaldet kan gjerast kjent for kommunalministeren. Men det er ikkje alt i norsk flyktningpolitikk som er tilfeldig. Det kan vera feil å seia at det går ein raud tråd gjennom dei ulike tiltaka som blir sette i verk, kanskje er det heller ein ståltråd – eller jerntråd? Men systematikken er på plass. Bit for bit blir lovverk og reglar forandra for å hindra at folk som ikkje har noko heimland å returnera til, skal mista det vernet dei kunne fått i Noreg. Nei, det rammar ikkje alle. Det finst nokre som får komma hit med godkjend-stempel frå FN, det skulle da også berre mangla. Men folk som har blitt verande her etter endelege negative vedtak, har ofte gode grunnar til det. Ved årsskiftet fekk dei det gjeld vita at dei mistar retten til å bu i mottak, og til økonomisk støtte. Forskrifta til sosialtenestelova endrast slik at den utanlandske statsborgaren som søkjer hjelp, sjølv må dokumentera lovleg opphald. Og domstolane skal takast i bruk for å kasta folk ut frå mottaka. Om lag 60 personar har fått varsel om utkasting. I alt skal det vera om lag 300 personar som bur i mottak etter endeleg avslag, så det handlar ikkje om grenselaust mange. Kommunalministeren kan snakka om «afrikanske lykkejegere». Kor mange har ho møtt av dei som risikerer fengsling og tortur om dei skulle setja foten på etiopisk jord? Kor kaldt og trongt skal det bli her i landet denne sommaren?
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent