Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Ein stat på territoriet til to folk

Debatten om 100-års-jubileet for unionsoppløysinga har for det meste gått på Noreg som nasjonalstat i forhold til EU. At vi har ein norsk nasjonalstat bygd på norsk språk og kultur blir stort sett tatt for gitt. I den samanheng finn eg det påkrevd å sitere ei setning som først blei formulert av dåverande høgsterettsjustitiarius Carsten Smith og seinare gjentatt av Kong Harald: «Den norske staten er grunnlagt på territoriet til to folk, det norske og det samiske.»Ei feiring av norsk sjølvstendigheit som ikkje tar opp dette, vil vere ei nasjonalsjåvinistisk feiring. Så langt saknar eg dette perspektivet i Klassekampen sin serie om 1905. Av meir enn ti større og mindre innlegg, er samane direkte nemnde i to og indirekte i eitt. Johan Galtung nemner så vidt undertrykkinga av Kautokeino-opprøret i 1852, mens Fakhra Salimi hevdar at ein same også er norsk. Gudrun Kløve Juuhl foreslår «det fleirkulturelle Nord-Noreg» som ei ramme om markeringa i Tromsø. Ingen har så langt nemnt korleis den norske nasjonalismen i politikk og kulturliv i tiåra før og etter 1905 slo ut for samane.

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?