Ja til tariffoppgjeret i Utdanningsforbundet
52 prosent av medlemmene i Utdanningsforbundet på KS-området, det vil seia heile landet utanom Oslo, var med i avrøystinga i tariffoppgjeret, og av dei som røysta, svarte 89 prosent ja. Forbundsleiar Helga Hjetland seier i ei pressemelding at ho er glad for svaret frå medlemmene. Dette er det første tariffoppgjeret med Kommunenes sentralforbund (KS) som forhandlingsmotpart for dei tilsette i skoleverket. I Oslo kommune samla stemte 72 prosent ja til det framlegget. På dette tariffområdet deltok 55 prosent av dei som har røysterett i uravrøystinga. I skoleverket i Oslo røysta 52 prosent, og 85 prosent av dei sa ja. Av dei andre medlemmene i Utdanningsforbundet Oslo deltok 66 prosent, og berre 29 prosent sa ja til tilbodet om tre lønnssteg som kompensasjon for at dei barnehagetilsette mistar ni dagar tenestefri.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent