Råstoffet riv seg laus
Erling Fossen skisserer eit interessant framtidsperspektiv for nasjonalstaten i artikkelen i Klassekampen 15. juni: Dei skandinaviske byane søkjer samen, eller rettare: Oslo søkjer saman med Stockholm og Øresundregionen (Malmø, København, Gøteborg) og fortrengjer dei skandinaviske nasjonalstatane. Oslo bryt ut av den norske nasjonen: «Om noen år vil vi som bor i Oslo heller feire Oslo-dagen 15. mai enn 17. mai. 17. mai vil bli redusert til en vanlig dag da Oslo-folk går til arbeidet sitt som vanlig.»Eg vil her lansera ein heilt motsett hypotese: Den nasjonalfeiringa som vil overleva lengst i Norge er barnetoget som defilerer forbi slottet til Kongen i Oslo 17. mai. Grunnen til dette er at Oslo er sentrum i den norske nasjonalstaten og vil i framtida måtta forsvara denne funksjonen med nebb og klør for ikkje å enda i ei tung bakevje. Regionane i Norge, i første rekkje Vestlandet og seinare Nord-Norge, er det som vil bli regionar i eit Europa og dei vil søkja direkte ut i ei global verd utan å gå omvegen om Oslo. Me ser tendensane: Når folk frå Vestlandet skal ut i verda, reiser dei ikkje omvegen via den norske hovudflyplassen på Gardermoen, men direkte til Kastrup, Frankfurt, Amsterdam eller London.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn