– Dette er lovbrott
Måndag klokka 13 opnar lagdommar Ellen Moe det som kan bli eit historisk møte i Tariffnemnda. For fyrste gong skal denne nemnda på fem personar gjera eit endeleg vedtak. Om LO får viljen sin, må alle som arbeider på Mongstad, Kårstø og fem andre norske landandlegg i petroleumsbransjen få lønns- og arbeidsvilkår i tråd med norske tariffavtaler. På desse anlegga florerer det av utanlandske underleverandørar. Eit tysk selskap ved anlegget på Mongstad betalte i fjor 64 kroner i timelønn, viser lønnsslippen til ein elektrikar, som LO har fått tak i. Den ti år gamle Lov om allmenngjøring av tariffavtaler har aldri blitt brukt før. Derfor ventar alle partar i arbeidslivet spent på utfallet av den fyrste saka.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn