Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Kongen av Kharg

Torsdag 5. juni såg ut til å bli hektisk som alle andre dagar hos Marine Management på Frogner i Oslo. Hastige menn i dress og slips skulle skynda seg over golv av marmor, slanke sekretærfingrar skulle klapra på tastatur, engelsk shippingsjargong skulle knitra inn via teleks. Men dette var den 5. juni 1986. Klokka 09.15 er razziaen i gang. Politifolk spring opp trappene. Ingen slepp ut av lokalet. Snart er skytteltrafikken mellom Marine Management på Oslos beste vestkant og Politihuset på Grønland i full sving: Perm etter perm med dokumentasjon av John Fredriksens forretningsdrift kjem i hendene på etterforskarane. Kriminalsjef Arne Huuse og statsadvokat Pål S. Berg er kobla inn. Politiet får fatt i meir enn papir. Heile toppleinga i Marine Management blir sett bak lås og slå, mistenkte for å vera innblanda i grovt tjuveri. Hovudpersonen sjølv, derimot, finn dei ikkje. 42 år gamle John Fredriksen har gått i dekning. Tilbake til august 1985: Det er full krig mellom Iran og Irak. Supertankaren «Alta» er på veg ut Persiabukta, lasta med fleire hundre tusen tonn olje frå Iran. Khomeini-regimet finansierer enorme våpenutgifter med oljeutvinning. Problemet er berre å få verdiane ut i verda: Den iranske oljehamna Kharg ligg så langt inne i Persiabukta at tankskipa kjem innan rekkevidde av irakiske jagarfly. Risikoen er enorm. Det er gevinsten også. John Fredriksen sender skip etter skip. Sjøfolka arbeider i 50 steikvarme grader om dagen og søv som best dei klarer om natta. På veg innover mot Kharg søv dei på styrbord side, den motsette av langsida dei irakiske jagarpilotane truleg vil skyta mot fyrst. På veg ut søv dei på babord side. Saddam Hussein vil setja ein stoppar for Irans oljeinntekter. Jagarflya fyrer av rakettane sine oftare og oftare. Hausten 1985 kjem den fyrste fulltreffaren. To filippinske sjøfolk mistar livet. Fredriksen held fram som før. Dette året fraktar han kanskje olje for så mykje som 25 milliardar kroner. Milliardane går til våpen. Fraktratene er krigsprofitt. Og den går rett i lomma: «Siden de operative selskapene er stiftet i skatteparadis, er skattene de til dags dato har betalt enten null eller neglisjerbare», skriv revisjonsfirmaet Peat, Marwick, Mitchell i eit hemmeleg notat datert sommaren 1985.Men alt er ikkje fryd og gammen. Spesielt ikkje om bord i «Alta». Det er frynsete nerver, det er fulle norske sjøoffiserar, og alt held på å gå gale under lastinga ved Kharg. Fleire tusen tonn vatn blir blanda med den dyrebare olja. Ingen om bord har ekspertise nok til å ta seg av problemet. Kaptein Odd-Steinar Pettersen blir sendt inn som «problemløysar».

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen