Nokre sjeldne gonger kjem det bøker som er så viktige at dei bør lesast fleire gongar, meldast fleire gongar, diskuterast både lenge og vel og ikkje minst brukast som ei inspirasjon til handling. Ei slik bok er artikkelsamlinga «Leve skolen!», redigert av Per Østerud og Jan Johnsen. Denne boka, eller i alle fall delar av ho, er eit av dei beste utgangspunkta ein kan ha for ein diskusjon om kva for alternativ som ein kan stille opp mot den skolen som Kristin Clemet & Co. er i ferd med å skape – ein skole der dei einaste verdiane er dei som kan målast i kroner, for ikkje å seie euro og dollar. Derfor har eg etter å ha lese boka funne ut at dei bokmeldingane som har vore ikkje bør vere ei avslutning, men ein start på ein diskusjon. Derfor ber eg om spalteplass for å få fram andre sider ved boka, og for å kommentere nokre saker som bokmeldingane har oversett eller avvist.